Natur- og klimakrisa utgjer den største helsetrusselen vi har stått ovanfor som art. Det er mange forskarar no einige om. Som sosialarbeidar innan psykisk helse- og rusarbeid, og lærar og forskar i det same miljøet, er eg uroa for at vi ikkje er førebudd på det som kjem. Trass i at krisa er varsla som ein enorm helsetrussel, er det overraskande lite merksemd på dette i psykisk helse- og rusarbeid.
I ein fersk studie i Tidsskrift for psykisk helsearbeid utforskar eg og kollega Asbjørn Johannessen ved OsloMet spørsmålet: kva slags konsekvensar har naturtap for psykisk helse, sosialt liv og relasjonsarbeid? Berørte personar som erfara naturtap knytt til vindkraftutbygging, avskoging og liknande i sine lokalmiljø, eller med eit stort engasjement for å løyse klimakrisa, beskriv korleis dette påverkar liva deira. Krisa er openbart ikkje lenger noko som skjer alle andre stadar, sjølv om dei mest alvorlege konsekvensane og uretten blir tydeleggjort blant minoritetar og i det globale sør.
I fritekstsvara til studien kjem fleire vitnesbyrd som viser kva slags følelsar og helseproblem naturtap kan skape:
Naturøydelegging i nærmiljøet mitt har ført til depresjon, stress, og håplausheit som har resultert i oppblomstring av ei liding som har vore under kontroll tidlegare. Dette er ikkje «berre å legge frå seg». (Kvinne, 45)
Jeg var sykemeldt i ett år, fordi jeg ved siden av jobben prøvde å «løse klimakrisen». Jeg ble til slutt så overveldet, at jeg fikk hukommelsestap. Så nå har jeg akseptert, at jeg må gripe situasjonen an på et vis der jeg selv klarer å henge med. Jeg prøver så vidt mulig å omsette sorg til handling – alternativet er et svart hull. (Kvinne, 34)
Avmakt, håpløshet, mistillit til staten. Glad jeg sikkert dør før 2050. (Mann, 63)
Er helsefeltet klar for det som kjem?
Studien er basert på eit enkelt spørjeskjema som 612 svarte på. 263 av deltakarane svarte på eit opent fritekstspørsmål som vi analyserte nærare. Deltakarane kunne skrive meir utfyllande om korleis natur- og klimakrisa påverka livet deira – her og no. Det er kanskje desse erfaringane som gjer studien spesielt interessant og relevant for oss, sjølv om det må presiserast at dette handlar om spesielt berørte og engasjerte personar. Deltakarane blei rekrutterte i to ulike Facebook-forum kor miljøengasjementet er høgt.
Det den likevel viser oss er at natur- og klimakrisa kan føre til alvorlege helsevanskar og nye sosiale problem òg i ein norsk samanheng. At situasjonen fører til kompliserte følelsar er det liten tvil om. Sorg, sinne, frykt, angst og overvelding er gjengangarar i studiar som utforskar unge sine følelsar i ein internasjonal samanheng. Spesielt i land som er hardast råka av krisa går dette utover dagleg «funksjon».
På ei anna side ser vi at engasjementet for natur- og klima har dabba litt av. Dette er ikkje så underleg i møte med andre og meir akutte utfordringar på endå kortare sikt; krigs-eskaleringar, aukande levekårs-trøbbel og kjensler av det ikkje nyttar å engasjere seg. Den skumle avmakta og mistillita til demokratiet aukar og historia ser ut til å gjenta seg.
Det er vidare grunn til å tru at dei kompliserte følelsane, og polariseringa mellom folk, vil auke i omfang all den tid natur- og klimakrisa eskalerer. Kven skal ta hand om dei sosiale problema og lidinga som veks fram? Kva skjer med dei som trudde dei ikkje var sårbare, som ein dag vaknar opp til ein livlaus og øydelagd fjord?
Komplisert sorg og vår felles sårbarhet
Fleire av deltakarane beskriv ein sorgvariant som etter kvart har fått fleire namn; natursorg, klimasorg, økosorg. Denne sorga handlar først og fremst om tap. Økosorg blir oftast brukt for å setje ord på sorga, fordi sorgreaksjonane handlar om tap i vår kollektive heim og husholdning (oikos av gresk; hjem/husholdning).
For å skilje sorga frå alle andre følelsemessige reaksjonar, har vi laga ein definisjon etter fleire års arbeid med tematikken. Her er ein kortversjon:
Sorg knyttet til fysisk tap av natur, tap av naturkunnskap, økosystemer og andre arter. (…) Økosorg kan oppstå på bakgrunn av en kjærlighets- og avhengighetsrelasjon til det som går tapt i den ikke-menneskelige naturen.
Det er sannsynleg at vi vil møte fleire med denne kompliserte sorga framover, eller bunnlaus fortviling grunna mørke framtidsutsikter. Men kor går grensene mellom for eksempel komplisert sorg og sjukdom?
Sjukeleggjering eller verkelegheita sitt sanne ansikt?
Her kjem kanskje den vanskelegaste øvinga: å ta for seg helsevanskane knytt til naturtap utan å sjukeleggjere. Mønsteret er likevel at dei med skjørast helse, minst sosioøkonomisk kapital, og marginaliserte grupper som det samiske folk, blir råka hardast òg her heime. Det kan samtidig virke som om – trass i meir openheit kring psykisk helse – at vi har ein slags berøringsangst for å samtale om korleis krisa påverkar psyke og sjel: både i miljørørsla og i helsefeltet.
Kanskje handlar det om frykta og farane for å individualisera og psykologisere ganske naturlege reaksjonar? Kanskje handlar det om kunnskap og erfaring? Ubehaget? Ein del kollegar av meg seier ting som at dette er «for store tema og for politisk», «dette er ikkje vårt bord» eller «ungdomen i dag toler for lite».
Sanninga er at det er sjølve grunnvilkåra for våre liv som står på spel, og at det er politikken som skaper den største lidinga blant dei mest utsette av oss. Vi kan ikkje skyve bort lidinga eller dei negative følelsane. I verste fall trur eg dette berre vil forsterke dei.
Liding, konstruktivt sinne og mobilisering
Det vil bli avgjerande at vi som arbeider med menneske i sårbare livssituasjonar søker meir naturkunnskap og naturerfaring. Her finst det praksisar å lære av, som integrerer forståinga av at naturvern ikkje berre er helsevern, men avgjerande for betring ved både psykiske og fysiske kriser og helseproblem.
Kunnskap om naturen og samvær og leik med naturen har betyding for relasjonsforståingar, betringsprosessar og det sosiale limet: tillit. Det er òg avgjerande for å kunne sjå og ta innover seg endringane som skjer, og kunne vende merksemda mot livsmangfaldet som treng meir av vår omsorg. Har folk som allereie slit kapasitet til dette, då? Kanskje om vi klarer å re-orientere oss mot at vi har meir makt som borgarar enn vi trur, og at ein ikkje treng å vere kronisk frisk for å delta i demokratiet, vil fleire føle at det nyttar å engasjere seg.
Her kjem re-vitaliseringa av sosialt arbeid og samfunnsarbeidet inn. Kan vi klare å skape rom for fleire offentlege samtalar om dei konsekvensane krisa har? Kan slike rom hjelpe oss til å sjå samanhengar mellom helsespørsmål og levekår knytt til natur- og klimakrisa, og business-as-usual? Og: på kva slags måtar er naturkrisa og klimakrisa to sider av same sak?
Treng fleire arenaer
Om vi skal få tilbake trua på demokratiet og styrke psykisk folkehelse, treng vi fleire arenaer kor vi føler vi har reell innflytelse og øver dialog. Vi treng innbyggarpanel og folkepanel som politikarane må lytte til mellom val. Ergo; meir demokrati, ikkje mindre.
Filosofen og Holberg-prisvinnar Achille Mbembe understrekar at krisene i stor grad krev reparasjonsarbeid, framfor einsidig fokus på innovasjon og vekst. Eit mangfald av sosialt arbeid på tvers av disiplinar kan bidra til å reparere – for krisene er i stor grad relasjonelle. I denne prosessen vil alle som på ulike måtar jobbar med psykisk helse, rus og avhengigheit kunne spele ei viktig rolle.
Tilstanden til naturen kan fortelje oss om vår felles sårbarheit, at vi står i ein avhengigheits-relasjon til dette mangfaldet som lid nød. Og i stadig større grad, ofte med litt losing og sosial støtte, seier dei noko om kor vi bør rette sorga og sinnet: utover mot dei ansvarlege. Lukkast vi i større grad med det kan dei utovervendte «naturfølelsane» og helseproblema få reell politisk betyding. •
Knut Ivar Bjørlykhaug er førsteamanuensis på Fakultet for helsevitenskap, VID vitenskapelige høgskole. Han har en doktorgrad i sosialt arbeid og sosialpolitikk og er aktiv i miljøbevegelsen.
Dette er en kronikk. Meninger og holdninger står for forfatterens regning.
• Spre viktig informasjon til flere som trenger det.
• Øke forståelsen og bekjempe stigmatisering.
• Gi håp og støtte til alle som sliter.
Doner nå via Vipps til 12137 og bli med i arbeidet for bedre psykisk helse for alle! Hjertelig takk for din støtte! Vennlig hilsen redaksjonen i Magasinet Psykisk helse.