Close Menu

Tannhelse er viktig for generell helse, livskvalitet og velvære når det gjeld å kunna eta, smila og fungera saman med andre. Personar med langvarige psykiske helseutfordringar har særskilte utfordringar med å få tilgang til tannhelsetenester. Denne gruppa har rett til gratis tannbehandling på særskilte vilkår, ein rett som er sikra i tannhelselova og er forankra i norske målsetjingar om å sikra likskap i helse på tvers av sosiale føresetnader. Likevel veit me at ein del som har denne retten til gratis tannbehandling aldri eller svært sjeldan nyttar seg av tannhelsetenestene, sjølv om dei har store behandlingsbehov og ofte tann­smerter. Dette betyr at ei tannhelsereform må handla om meir enn økonomi og ordning med frikort og trygderefusjon. Det må også handla om å sikra reell tilgang til tannhelsetenesta for dei som treng det.

Utgangspunktet for denne teksten er resultat frå eit forskingsprosjekt eg har deltatt i og leia gjennom fleire år om tannhelse og tannbehandling for personar som har langvarige psykiske helseutfordringar. Prosjektet hadde utspring i Tannhelsetenesta kompetansesenter Vestland og vart gjennomført i samarbeid med Stord kommune og Vestland fylkeskommune. Alle brukarar av psykisk helseteneste i kommunen på eit gitt tidspunkt vart inviterte til å delta, og deltaking innebar mellom anna intervju om erfaringar med bruk av tannhelsetenesta, kva ein opplevde som hindringar for tannbehandling og kva som kunne hjelpa. I tillegg fekk deltakarane tilbod om gratis tannbehandling der tannlegen tok særleg omsyn til personens behov og ønskemål.

Alle deltakarane hadde ønskje om å kunna få regelmessig tannbehandling. Nesten alle fortalde om hindringar som gjorde det vanskeleg eller uråd å få dette til. Mange fortalde om praktiske barrierar som til dømes vanskar med å bestilla time og eventuelt avbestilla ved sjukdom, utfordringar med transport og det å komma seg av garde samt vanskar med økonomi og oversikt over moglege kostnader. Retten til gratis tannlege gjeld nemleg berre eit år om gongen og er knytt til jamleg kontakt med psykiatrisk heime­sjukepleie ein gong i veka i minimum tre månader. Du mistar denne retten om du får mindre hjelp i kommunen og for eksempel får behandling ved eit DPS.

I tillegg var mange av pasientane opptatt av korleis forholdet til tannlegen både kunne innebera hindringar og skapa tryggleik. Dei som alt hadde ein fast tannlege dei hadde tillit til, oppga at dette var den viktigaste faktoren for å kunna gjennomføra behandlinga. Motsett kunne fleire fortelja om frykt for ikkje å bli tatt på alvor, skam over dårlege tenner og forventing om kritikk. Diverre har ein del også konkrete erfaringar med ikkje å bli tatt på alvor i helsevesenet. Dette påverkar sjølvsagt vidare kontakt. Ei stor utfordring blir då at mange utset tannbehandling så lenge som råd. Dette fører til at dei søker behandling først når smertene er store og dei treng akutt time. Då er risikoen høg for at heile situasjonen blir meir ubehageleg enn nødvendig.

Lov om tannhelseteneste seier at den offentlege tannhelsetenesta skal gje eit regelmessig og oppsøkjande tilbod til prioriterte grupper, blant anna langtidssjuke. For å gjennomføra dette, og for å nå fram til pasientane dette gjeld, er tannhelsetenesta avhengig av at fagfolk i andre tenester som har kontakt med pasienten engasjerer seg. Dette inneber at tilsette i psykisk helsevern må spørja pasientar om problem i tenner og munnhole, om deira kontakt med tannhelsetenesta og om eventuelle behov for bistand på dette området. Mine eigne erfaringar både frå psykisk helsevern og tannhelsefeltet tyder på at mange pasientar slit med dette type utfordringar utan at det blir fanga opp. Som psykolog på DPS var eg ikkje merksam på dei omfattande problem pasientane bar på og som eg seinare fekk innsikt i som psykolog i tannhelsefeltet.

Samarbeid på tvers av fag og tenestestad må styrkast. I vår prosjektperiode var psykiatrisk sjukepleiar frå kommunen engasjert i 20 prosent stilling for å følga opp brukarane med tannhelse, og det var leigd bil som kunne nyttast til transport ved behov. Nesten halvparten oppga at tilbodet om transport var avgjerande, og 36 prosent oppga at følge av sjukepleiar i samband med besøket på tannklinikken var til stor hjelp.

Både internasjonale og norske studier viser at personar med langvarige psykiske helseutfordringar har dårlegare tannhelse og brukar mindre tannhelseteneste enn resten av folket. Det er trong for tilrettelagde tannhelsetilbod der dei kan oppleva kontinuitet og forutsigbarhet og der dei blir møtt av fagpersonar som har kompetanse og interesse for dette feltet. Skal tannhelsereforma komma sårbare grupper til gode, må organisering og utvikling av tenestene på bordet i tillegg til økonomiske løyvingar. Folk med langvarige psykiske helseutfordringar må få rett til eit gratis tannhelsetibod uavhengig av kvar dei får si oppfølging i psykisk helsevern og av kor hyppig dei har heimesjukepleie. •

Dette er en kommentar. Artikkelen gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kjære leser!
Du har nå lest en gratis artikkel. Magasinet Psykisk helse er en uavhengig, redaktørstyrt publikasjon, med kvalitetssikret innhold. Bli med å bidra slik at vi holde flere artikler åpne for alle! Støtt oss for eksempel med 50 kroner til vipps 12137. Takk for alle bidrag!