Close Menu

Det er på tide at psykiske lidingar tas like godt økonomisk vare på som dei med fysiske sjukdommar. Både somatiske og psykiatriske pasientar kan ha rett på trygd. Men det er berre pasientar innan rus og psykiatri som får ytinga si kutta om dei er innlagt i statlege institusjonar i meir enn fire månader. Dette fører til at fleire sluttar i behandling innanfor psykiatri og rus som følgje av dei økonomiske konsekvensane ved trygdekuttet. Tilsvarande kutt skjer ikkje for dei som er innlagt på somatiske sjukehus.

Frå 2015 er det folketrygdloven § 12-19 som angir at personar som mottar uføretrygd, får ytinga redusert under opphald i ein statleg institusjon dersom dei er i behandling for rus eller innanfor psykiatri. Personar i fengsel får også kutt i si trygd. Lovgivar set med andre ord pasientar innan rus og psykiatri – som slit med sjukdom – i same kategori som kriminelle, som på si side sonar ein straff for å ha brote lova. At desse blir sett i same bås, aukar stigmatiseringa av psykiatriske pasientar, og forsterkar kjensla av at regelverket fungera som ein straff for dei. Det skal ikkje vere ein straff for rehabilitering.

Diskriminering av personar med rusutfordringar

Den noverande ordninga inneber ein diskriminerande forskjellsbehandling mellom psykisk og fysisk sjuke. Som ein direkte konsekvens av desse trygdekutta vel mange pasientar å avbryte naudsynt behandling. Dette rammar menneska som verkeleg treng institusjonsbehandling for å bli friske. Trygdekutt basert på ulike pasientgrupper kan potensielt vere i strid prinsippet om likskap for loven eller likestilling og diskrimineringslova.

Då lova blei endra i 2015 blei det klart at opptil 86 prosent av trygda kan falle bort om ein er innlagt på statlege institusjonar grunna rus eller psykiske lidingar. Grunninga er at kost og losji dekkast på institusjonane. Tilsvarande trygdekutt gjerast òg for eldre som bur på sjukeheim. Her er imidlertid saken den at dei fleste blir værande på sjukeheimen. Dei som går midlertidig og kortsiktig i behandling skal forhåpentlegvis returnere til sitt vanlege liv. Dermed vil den som er i behandling fortsett ha løypande utgifter. Det verker som lovgivar har gløymd at utgifter som straumrekning, husleige, renter og avdrag ikkje forsvinn sjølv om ein midlertidig bur på ein institusjon? Eller ser lovgivar føre seg at desse menneska aldri vil vende tilbake til sitt vanlege liv? Sjølv om lovteksten klart heimlar eit slikt trekk i trygd, er det openbert eit stort problem både når det gjeld samanhengen og rimelegheita i føresegna.

Langsiktig tankegang?

Viss hensikta med trygdekutta er økonomisk innsparing, bør ein stille spørsmål ved dei langsiktige konsekvensane. På kort sikt kan det sjå ut til at samfunnet sparer pengar på noverande lovverk. På lang sikt kan kostnadene likevel auke betrakteleg. Når pasientar avbryt behandlinga, risikerer dei å falle tilbake til rus eller psykisk sjukdom, noko som gjer det vanskelegare å vende tilbake til samfunnet. Auka stress, særleg økonomisk stress, er ingen god faktor i ein behandlingsprosess. For å sikre effektiv behandling, er det avgjerande at pasientane har økonomisk tryggleik gjennom kontinuerlege stønadar.

Lovgivar har også eit moralsk ansvar for å finne berekraftige løysningar som tek vare på dei mest sårbare i samfunnet. Det er på høg tid å fjerne ulikskapen og nedkjempe diskrimineringa. La sjuke behalde trygda dei er avhengig av! •

Info Kilder
Arrow

www.nrk.no/vestfoldogtelemark/ruspasienter-avbryter-behandlingen-pa-grunn-av-kutt-i-trygd/1.16856823

Folketrygdloven § 12-19.

• Dette er et debattinnlegg. Holdninger og meninger står for skribentenes regning. Vil du skrive leserinnlegg? Send til redaksjonen@psykiskhelse.no  

 

×
Bli med å bidra!
Du leser Magasinet Psykisk helse, dedikert til å spre kunnskap og øke åpenhet - med kvalitetssikret innhold. Denne og mange av artiklene er gratis. Men vi trenger din støtte! En liten sum kan gjøre en stor forskjell. Med bare 50 kroner kan du bidra til å:
• Spre viktig informasjon til flere som trenger det.
• Øke forståelsen og bekjempe stigmatisering.
• Gi håp og støtte til alle som sliter.
Doner nå via Vipps til 12137 og bli med i arbeidet for bedre psykisk helse for alle! Hjertelig takk for din støtte! Vennlig hilsen redaksjonen i Magasinet Psykisk helse.