Hol i epikrisa

Eg trur ikkje det hadde skada om epikrisa mi tok inn fleire perspektiv.

Illustrasjonsbilde av to menn i tunell som snakker sammen
(Illustrasjonsfoto: Shutterstock)

I 2014, mest fem år etter at eg vart skriven ut av psykiatrisk, fekk eg tilsendt epikrisa mi. Eg orka ikkje lese ferdig. Det vart for vondt å lese om seg sjølv på den måten eg var omtalt. I 2020 tok eg papira fram att.

I forbindelse med bokskriving, måtte epikrisa lesast. Det som plaga meg då eg las fyrste gongen, plaga meg ikkje på same måte lenger. Eg følte ikkje lenger at sjukehuset skulda meg for løgn då dei skreiv at eg oppga feil navn på tablettane eg hadde tatt overdose med. Eg følte meir at sjukehuset ikkje forstod kva som hadde skjedd meg. Når du nett har vakna frå det du trudde skulle ta livet av deg, tykkjer eg det er for mykje å forlange at ein skal forklare seg konsekvent om typen tablettar ein inntok. Etter kvart som eg las la eg merke til noko anna. Dei som var på besøk vart aldri nemde.

På avdelinga mi var det lite besøk. I alle fall i forhold til kva eg hadde. Mor mi reiste frå Finnøy til Oslo same dagen eg vart funnen, der vart ho værande. Ho var innom meg kvar einaste dag. Ho var kontaktnettet mitt ut mot omverda. Ville vener komme innom var det ho som ordna det. Trengte eg ein luftetur, noko på ein butikk, litt lesestoff, så var ho der. Trengte eg eit bilete i hovudet som hindra meg frå å lage frynser av sengjetøyet og hengje meg, så var andletet til mor der. Ho var der kvar einaste dag fram til bror min overtok då eg skulle utskrivast.

I fellesarealet var det sitjegruppe med eit fjernsyn som kom på på kveldane. Det var ikkje godt besøkt, men eg og ein annan pasient vart ofte sitjande der. Det vil seie, eg trudde først han var sjukepleiar. Så fann eg etterkvart ut at han måtte vere innlagt han og. Han likte fotball og nyhende, det gjorde eg og. Han heia med heilt andre lag enn kva eg gjorde, slikt vert det gode samtalar av. Me snakka aldri om kva me var innlagte for, men me snakka om mykje anna. Me var to gode vener som såg fjernsyn. Me gjorde det berre tilfeldigvis på psykiatrisk på Ullevål.

I epikrisa ser opphaldet mitt annanleis ut. Fyrste og einaste gong mor er nemnd i noko anna forbindelse enn som nærmaste pårørande er etter at eg har vore innlagt ei veke. «Hun sier ellers at hun kommer til å oppholde seg i Oslo en tid fremover.» Min ven på avdelinga er ikkje nemnd med eit ord. Slik eg har forstått epikrisa sin funksjon skal den både oppsummere behandlinga og vere til hjelp i det vidare arbeidet. Eg forstår at samtaletimen er ein viktig del av behandlinga, men kva med dei andre 23 timane? Kva med møta med menneska i livet mitt som var fortvilte, forbanna, sjokkerte, sinte, redde og som hadde dårleg samvit for at dei burde gjort meir. Alle dei møta var med på å forme opphaldet og framtida mi.

Eg er evig takksam for opphaldet på Ullevål sjukehus. Men eg trur ikkje det hadde skada om epikrisa mi tok inn fleire perspektiv. I mitt hovud var Ullevål like mykje ein fasilitator for alle dei gode impulsane eg fekk, som den aktive utøvaren. Fleire kjelder i rapporten enn samtaletimen hadde gitt eit betre utgangspunkt for vidare behandling, både for den nye behandlaren min og meg sjølv. •

Vipps 12137