Close Menu

Volvo

Denne teksten fikk 2. plass i skrivekonkurransen «Skriv 2016» arrangert av magasinet Psykisk helse og Mental Helse Ungdom.
Bilde av bilkø
(Illustrasjonsfoto: Shutterstock)
«Du veit når du står i rushtrafikk?» Han tvinna tommeltottar og retta opp setet. «Og du aldri kan slå av motoren?» Det vart nikka frå sjåføren. «Og du ikkje heilt veit kor hardt du skal presse gassen?» Sjåføren stirde framover, gadd ikkje gje fleire bekreftingar, var berre dei to i bilen så han måtte jo høyre uansett – «For anten går det for fort eller for sakte, og du ligg i rumpa på den framfor eller for langt bak, og så kjem det tuting frå alle kantar og folk bytter fil og ... » Han hyperventilerte. Sjåføren hadde sett slikt før – (hadde framleis styring) «Du er ikkje så glad i å køyre bil?» Passasjeren vart sint. Kvifor elles skulle han leige sjåfør? Eigentleg irritert fordi det tydelegvis berre var han som hadde gjennomskoda samfunnet, korleis bilar og køyring og alt hang i hop, at ein måtte ha eit framkomstmiddel (kva som helst –) og helst tusen lappar på at ein var heilt, heilt, heilt trygg og forutsigbar og tilpassa seg åleine på vegen. Sjåføren kjende vel vegen, hadde retningssans og kunne alle skiltkategoriar – (trygt) Passasjeren ville ut, ville skrike, ville sjå at «rush» ikkje var noko som viste at alle tilfeldigvis skulle ein stad samstundes, i firkanta boksar og berre ført fram fordi alle andre skulle fram (hadde hast, hadde rush) og ein måtte leggje seg rett, med sine likemenn – Men herregud – dei køyrde då åleine! Gjekk berre ein retning for han òg, men klarte liksom ikkje regulere farten heilt, heilt, heilt endå – (Ansvar over, ansvar over) «Skal vi kanskje gå i staden?» sa sjåføren. Dei gjekk ut, og sjåføren tok av hatten, tok fram røyken og vart plutseleg noko anna – «Ja, la oss gå!» svarte han. Dei såg i begge retningar, men stod stille. Dei kunne like godt setje seg inn att. «Kan du køyre litt no?» Sjåføren var tydeleg sliten, skalv på hender og flakka med blikket – (Å for eit ansvar framover) «Sjølvsagt!» svarte passasjeren utan å nøle. Like på vegen, dei to. •
Kjære leser!
Du har nå lest en gratis artikkel. Magasinet Psykisk helse er en uavhengig, redaktørstyrt publikasjon, med kvalitetssikret innhold. Bli med å bidra slik at vi holde flere artikler åpne for alle! Støtt oss for eksempel med 50 kroner til vipps 12137. Takk for alle bidrag!